top of page

Utøvarinformasjon

Me ønsker alle utøvarar velkomne til idrettsparken og Sandnes stadion. Under har me samla informasjon som me håper kan vera til hjelp for alle våre gjestar.
 

Garderobar

Det er tilgang til garderobar i Giskehallen, både idrettshallen frå 1965 og den nyaste som åpna i 2016.
 

Oppvarming/tilgang til hall

Det er gode oppvarmingsfasiliteter i områdene rundt Sandnes stadion.

Bak hovudtribunen er oppvarmingsområde med kunstgras, sprintstripe med tartan og lengdegrop.

Like aust for stadion og Giskehallen finner de Gisketjernet, eller Gisken som det blir kalla lokalt, med rundløype rundt.

Ved den nordlige utgangen frå stadion ligger Giskebanen. Her er det kastbur med høve for oppvarming for slegge og diskos. Ringen kan nok også brukes av kulestøtere dersom de ønsker det.

Vest for stadion er det mogleg å jogga på grusvegar i Ormaskogen. Det er også grusvegar som knytter saman området ved Gisketjernet, Giskebanen og Ormaskogen og stadion.  Mulighetene er mange i idrettsparken.

Giskehallen II kan brukast til avslapping, tøying og strekking, og vil vera eit alternativ til oppvarming om været skulle bli dårleg. Giskehallen II er en standard fleirbrukshall 22x44m.
 

Stevnekontor

  • Individuell og lagvis utdeling av startnummer.

  • Utdeling av akkreditering

  • Innlevering av stafettlag.

  • Melding om avbud til neste runde for å gi plassen til neste på venteliste. 

  • Signering for dei som ønsker å bli ståande på venteliste (sjå info under)

  • Informasjon og service.


Åpningstider:


Onsdag 26. juni: kl. 17.00 – 20.00
Torsdag 27. juni: kl. 11.00 – 23.00
Fredag 28. juni: kl. 13.00 – 23.00
Laurdag 29. juni: kl. 08.00 – 16.00​

Henting av startnummer

Startnummer henter du på stevnekontoret. Dette blir levert ut individuelt eller lagvis, etter ønske. Før startnummer kan hentas ut, må startkontingenten vera betalt. Faktura blir sendt ut til klubbar/ lag frå iSonen onsdag 19. juni. Betalingsfrist er satt til mandag 24. juni. Me ber difor om at laga sjekker at betaling er foretatt før avreise til Sandnes. Startnummer vil ikkje bli levert ut, utan at betaling er registrert i forkant av uthenting.

Akkreditering

Akkreditering for trenarar/ leiarar blir det søkt om klubb/lagsvis gjennom å fylla ut dette skjemaet.

Godkjent akkreditering kan hentast på stevnekontoret.

Informasjon om akkreditering for media/ presse finner du her.

Venteliste

Utøvar, eller representant for denne, som ønsker å trekka seg frå semifinale/finale gir beskjed om dette til stevnekontoret. Seinast 60 min før aktuell runde startar.

Utøvarar som står på venteliste stadfester til stevnekontoret at dei ønsker å tre inn i semifinale/finale viss nokon trekker seg. Seinast 90 min før aktuell runde startar.

Les meir om dette her.

Kvalifisering løp

Sjå NM reglement punkt 5.

Kvalifisering tekniske øvingar
Viss det er 12 eller færre utøvarar etter opprop for kvalifisering i teknisk øving, blir det ikkje kvalifisering. Alle som har møtt til opprop går til finalen.

 

Stafett
Skjema for lagoppstilling kan du henta på stevnekontoret. Dette må vera ferdig utfylt og returnert seinast to timar før stafett søndag. Når du har levert inn skjemaet for lagoppstilling får du utlevert startnummer for laget. Lagsamansetning og rekkefølge for utøvarane på stafettlaget kan endras fram til tidspunktet for innmarsj.

 

Startnummer

Utøvarane skal ha to startnummer. Eit på brystet og eit bak på ryggen. Unnatak for høgde, stav, lengde og tresteg der det er tillat med kun eit startnummer. Jmf regel 143.7.

Vektkontroll/kastutstyr

Personleg kastredskap som du ønsker å bruka  i mesterskapet må leverast til kontroll seinast 1 time før start.

Åpningstider for vektkontroll blir etterkvart lagt ut her.

Skokontroll

Det vil bli foretatt skokontroll av eit tilfeldig utvalg av utøvarane sine sko etter at øvinga er ferdig og i call room før øvingsstart. 

Oppdatert oversikt over kva sko du har lov til å bruka finner du her.

Callroom

Foregår ved telt satt opp i område nær sprintstripa på oppvarmingsområdet seinast på tidspunkt oppgitt i tidsskjemaet. Her skal konkurransedrakt inkl startnummer og reklame, sko, antall og dimensjon på piggar visast fram for aktuell øving.

Innmarsj

Alle deltakarane skal vera med på innmarsjen. Oppmøte ved teltet for call-room . Tidene for oppmøte til innmarsj finn du i tidsskjemaet.

Oppbevaring av stavar på Sandnes stadion

Å reisa rundt med en haug med stavar er lite kompatibelt med hotellrom, hotellheiser eller liknande. Ta turen oppom stadion, så skal me finna plass til stavane dykkar. Sjekk åpningstidene for stevnekontoret.

 

Lege

Det vil vera lege/førstehjelp tilstades på stadion. «Legekontor» vil vera i den gamle garderoben som er plassert på høgre side når du kjem inn hovudporten til stadion.

 

Premieutdeling

Premieutdeling vil bli foretatt kort tid etter øvingsslutt. Antatt tidspunkt er oppgitt på tidskjemaet.

Premiering

Medaljar til dei tri beste i kvar øving.

Resultater
Blir lagt ut og oppdatert fortløpende under "resultater"-menyvalg. Resultater blir kun publisert digitalt.

bottom of page